Fylg med!
Og velkomen til ny personleg netstad. Min netstad. Har du nokong gong lese slike keisame ord?
Du skriv gjerne dagbok? Kvifor? Kjem nokon andre nokon gong lesa det? Kjem du sjølv til lesa det – att? Kjærasten din? Borna dine? Dei som oppdagar dagboka di når du er longe borte? Tenkjer du på eit publikum når du skriv? Eller er du ditt eige publikum – eller knapt nok det?
Form er det det største problemet når ein skapa noko nytt. Eit nytt verk.
Form heng saman med plan. Kva er din plan? Med ein plan kjem skribleria dine til å ta form. Etter kvart. Til slutt vert det tydeleg.
Dette er ei nettdagbok. Ein blogg. Nettdagbøker er offentlege. Dagbøker er private. Heilt til dei – kanskje – vert publiserte.
Mitt største spørsmål er kanskje ikkje kven som kjem til å lesa dette. Men om eg sjølv kjem til å sletta det eg har skrive. Installera eit nytt bloggeprogram. Trykkja på slettetasten. Gløyma å betala for nettstaden.
Med papir har du ikkje kontroll. Sjølv. Du kan brenna boka. Kasta henne i søpla. Men om nokon finn boka. Kan dei ta vare på henne.
Dette her som eg skriv no: Trekk ut kontakten. Og alt kan vera borte.
Nye postar står på programmet!