Kjære dagbok – kjære lesar.
Bloggprogrammet fortel oss at det er 551 dagar sidan sist eg la ut noko her.
Kor mykje kan vel ikkje henda på 551 dagar …
Den 6. mars 2024 tenkte eg ikkje på at om 551 dagar kunne det vera 200 dagar sidan Zoia – kona mi gjennom nær 29 og eit halvt år – gjekk bort. Om me legg til eit par år som sambuande, kjem talet på eg og Zoia sine år i lag på 30-talet.
Men slik gjekk det altså – den 21 februar i år, tidleg om morgon, slo hjarta hennar sine siste slag, trekte lungene hennar sine siste drag.
Rundt 6 til 8 timar tidlegare, fortalte eg henne at «i morgon skal du heim til Industrigata, me har rydda og gjort alt klart».
«Målådets» – flinkass – smilte og sa ho stille tilbake.
For 551 dagar sidan tenkte eg at «det blir vel ikkje noko av denne netstaden – heller».
Men på 551 dagar har eg fått ting å fortelja, ting å snakka om. Det har skjedd ting.
Kreft tok hennar kraft. Lungekreft. Zoia sin spreke kropp forstod ingen ting før det cirka 18. desember brått var alvorleg alvor. Og sjølv då, tenkte ikkje Zoia seriøst på at det kunne vera kreft. (Men eg hadde den frykten.)
I år skulle det var Zoia sine jubileum. Førti år i Noreg – det var faktisk i desember 2024, og dette gjorde ho litt utav – filma og la ut video om det i kanalen sin på Youtube.
Og ekteskapet vårt skulle runda 30 år no i september — og skulen vår, firmaet vårt, skulle verta 30 år i mai.
Skulen vår held fram. «Nei», sa eg berre, då Zoia spurte «Hvis jeg dør, kommer du til å gi opp skolen vår da?» Skulen er 30 år. Og det skal bli mange fleire.
Og førti år i Oslo – det fekk du Zoia. Oslo er din by. Ingen stad budde du lenger. Og her ligg du no og kviler, på Vestre Gravlund. Der vi, for – kanskje 20 år sidan, kanskje meir – gjekk tur i lag, og vi byrja å snakka om kva som skulle skje når vi byrja å døy …
«Vil du bli gravlagt i Moskva, med far din og syster di», spurte eg – for mor di var jo i live då.
«Nei», sa du, «eg vil liggja her, i nærleiken av deg». Sa du.
Som om det var sikkert at eg kom til å forbli i Noreg – dersom du gjekk bort …
(Berre roleg, eg har ingen andre planar.)
Og der ligg du no. Og eg har bestilt gravstein til deg – nei, ikkje stein, men minnesmerke i stål, med foto av deg – måja samaja …
Eg hugsar når du hadde vore 30 år i Noreg. Eg hadde vore på jobb i Stavanger. Og kjøpte ein liten presang til deg på flyplassen. Trur det var då eg kjøpte eit slikt samanleggbart strandteppe – det blir bitte lite når ein krullar det i hop. Vi har brukt det mange gonger.
(Eg må ta meg ein tur på stranda, med det teppet, no i september … det må eg …)
I førgårs var eg på Hovedøya, på Klosterkroa, for fyrste gong etter at du gjekk bort. Og eg gjekk den turen vi likte å gå minst ein gong i året – rundt Hovedøya. Dei bratte bakkane der. Vi gjekk der i fjor også. Du var full i kreft. Men det visste vi ikkje. Så vi gjekk der. Du gjekk der.
(Eg må også prøva å få teke ein tur til Gressholmen før det blir neste år … på kroa der … håpar ho ikkje er stengd …)
Og akkurat no, cirka i dag, er det 365 dagar sidan du besøkte meg i Kristiansand der eg var på jobb – du kom og budde med meg 3-4 netter. Det var som om i fjor, så betydde det meir for deg enn før, det å vera i lag med meg.
Og du kom, med VY-bussen, og hadde vondt i ryggen av den nye ryggsekken. Og du sa at nokon ungdommar hadde ruska hatten din av deg då du gjekk gjennom Slottsparken for å ta bussen. Men at ein av dei andre gutane, hadde gitt deg hatten tilbake. Det var akkurat som han – den omtenksame guten – gjorde den ubehaglege opplevinga til ei god oppleving.
Men på hotellet, om kvelden, når du skulle leggja deg – og du kom like før sengetid den fyrste kvelden – hadde du vondt i bakhovudet. Dette var eit symptom på kreften din, som var i ferd med å spreia seg til – eller påverka – hjernehinnene dine.
Men dette visste vi ikkje. Vi visste berre at du hadde vanskeleg for å finna ei stilling som var behageleg slik at du fekk sova.
Og no orkar eg ikkje fortelja om dine fånyttes besøk hos fastlegevikaren din før og etterpå … som du ikkje følte tok deg på alvor. Det skal eg fortelja om ein annan gong. Men dessverre var det meir enn ei kjensla – for fastlegevikaren din gjorde t.d. ingenting (som eg veit om ) for å finna ut om du kunne ha kreft …
Og på sundagen gjekk vi tur rundt Odderøya. Ein vakker tur. Alt gjekk fint, heilt til vi var nesten tilbake. Då fekk du vondt i brystet og sånn. Slik at vi – eg – bestilte time hjå legevakta i Oslo då vi kom heim same kveld. Eller bestilte … Vi var der til langt på natt – heilt til legen fekk slege fast at det ikkje var hjarta … Han meinte det kunne vera noko muskulært, og tilråda trening …
Og difor – var det difor? – tok du og eg oss ein lang fottur i Nordmarka to veker seinare, då vi gjekk til Skjennungsstua (etter fyrst å ha betalt kvar si bot for manglande bilett på T-banen – takk Ruter … — vel, det var faktisk eg som betalte begge bøter …).
I går, sundag, prøvde eg å gå den same turen. (Det var ingen billettkontrollørar, så eg fekk ikkje repetert den biten …)
Alt gjekk fint frå Frognerseteren stasjon til Skjennungsstua – eg kjente igjen den vanskelege stien med med masse vatn i trakket. Det gjekk litt tregt med deg, men ikkje veldig. (Vel, eg måtte vel øva meg litt i tolmodigheit – eg måtte det.)
Framme på Skjennungstua var det så mange folk, at vi berre sette oss på eit bord utanfor Skjennungsstua. I går var det lite kø, så eg kjøpte meg mat – og så sette eg meg på det eg trur var ved «vårt» bord.
Etterpå gjekk eg vidare, same veg som vi hadde gått – iallfall i starten. Eg hugsar då vi, etter ein knapp kilometer frå Skjennungsstua, kom fram dit det er utsikt over Skjærsjøen …
Og så gjekk vi vidare til Ullevålseter.
Men så er eg usikker på kva veg vi tok derifrå. Eg hugsar at vi tok oss litt mat langs ein skogsveg som gjekk slakt nedover – vi sat inne i skogen på ein stubbe like ved, og et og drakk det vi hadde med.
Eg må kikka på Google Maps eller i Polar-appen, eller kanskje Kamoot-appen, for å finna ut nøyaktig kvar vi gjekk. Eg synest å hugsa at vi gjekk på ein ordentleg sti (og ikkje berre ein skogsveg) ei stund, der vi også passerte nokre andre eller nokre andre passerte oss. Og eg trur at vi til slutt kom fram til Kjelsås-kanten.
(Vi ville ikkje gå same veg tilbake – den våte stigen var alt for ubehageleg for oss, og spesielt for deg.)
Men dette veit eg ikkje – det må eg sjekka ut. Kan jo vera eg blandar saman med ein annan tur.
I går gjekk eg ned til Skjærsjøen, etter at eg kom fram til Ullevålseter, og så gjekk eg på ein veg – eit stykke – som gjekk attmed bekken/elva frå Skjærsjøen. Eg tenkte på det — i går — at du og eg aldri var ved Skjærsjøen, etter det eg kan hugsa. Eg kan ikkje hugsa at eg har vore der sjølv ein gong – og dette jamvel om det er berre nokre hundre meter ifrå Ullevålseter – som jo er ein stad vi besøkte så mange gonger …
Etter ein kilometer eller to langs den vegen, tok eg ein nylagt (trur eg) skogsveg på tvers av marka, tilbake til Sognsvatn. Og tok banen (pluss buss, fordi banen for tida ikkje stoppar på Majorstua T) derifrå.
Det vart til slutt ein slags tur i lag med deg, Zoia.
Kanskje skal eg gå same tur på ny, etter at eg har funne ut kva veg vi gjekk den siste halvparten (eller meir) av turen.